『Oikos - framtidspodden』のカバーアート

Oikos - framtidspodden

Oikos - framtidspodden

著者: KRISTIAN STARHEIM
無料で聴く

【Amazonプライム会員限定】今ならプレミアムプランが4か月 月額99円。

10月19日まで。※適用条件あり

Ein podkast om miljø, klima og natur

Fordi vi må løyse det saman

Fordi vi må finne ut kva som gir eller hindrar framgang

Fordi vi både treng inkludering og analyse

Og fordi vi rett og slett må bu oss.

For ein ansvarlig økologisk politikk

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

KRISTIAN STARHEIM
社会科学 科学
エピソード
  • Klaus Mohn og slutten på norsk olje
    2026/10/05

    Klaus Mohn er samfunnsøkonom, tildigare sjefsøkonom i Statoil, og rektor ved Universitetet i Stavanger. Han har argumentert tydelig for at norsk petroleumssektor må gå inn i aftenrøden. "Eg har ikkje begeistringsplikt" seier Mohn. Det er både moralske og økonomiske grunnar til å starte omstillinga vekk frå norsk olje og gass.


    Noko av det aller mest kompliserte i norsk miljødebatt er kva rolle petroleumssektoren skal spele i norsk miljøpolitikk.

    Vår mest innbringande næring er også den som bidreg mest til globale CO2-utslepp.

    Samstundes så skjer stort sett alle utsleppa utanfor norge, og er difor, etter parisavtalen, ikkje ein del av norsk utsleppsregnskap.

    Skulle Norge redusere eksporten sin av gass, så argumenterer mange for at det paradoksalt nok kan føre til auka utslepp - ettersom det kan føre til meir bruk av kolkraft.

    Og ikkje minst er Norge ein stabil og demokratisk leverandør av gass til eit europa som tidligare har kjøpt gass av russland.

    Difor er det eit fleirtal i stortinget, godt backa opp av ein stor næringssektor så vel som arbeidslivsorganisasjonar, som ønsker framleis utvikling av norsk sokkel

    Inkludert nordområda med sin sårbare natur og risiko for russisk påverknad.

    Til tross for at EU sjølv ønsker eit moratorie på utvinning i desse områda.

    Det er i det heile fristande for ein som er miljøengasjert å gå rett i krigen - mot “fossilpartia” og den store oljebransjen.

    Men faktum er at norsk petroleumsindustri står for svært lite av verdas globale CO2-utslepp - omtrent 1.3% totalt i Norge og utlandet samla.

    Samtidig som den er ei svært viktig næring for norge, norsk næringsliv, og norske arbeidsplassar.

    Eg synest difor at det ikkje er så enkelt.

    Og difor er eg svært glad for dagens gjest

    Rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn

    Han har vore ein av dei viktigaste stemmene innan debatten kring framtida til norsk sokkel

    Samfunnsøkonom, tidligare sjefsøkonom i Statoil, og medlem i omstillingskommisjonen.

    Han forklarar meg i denne samtalen kvifor han har vore heilt tydelig på at aftenrøden er i gang på norsk sokkel.

    Vi må bu oss på slutten av det norske oljeeventyret.

    God lytting!


    I "ord for dagen" oppsummerer eg kva samtalen med Mohn har å seie for retninga på norsk klimapolitikk. Det store spørsmålet for eit lite land som norge er kva moglegheiter vi har, i ein situasjon som eigentlig er "alle mann på dekk" for å få ned klimagassutsleppa. Då er det klart, meiner eg, at Norge må bruke sine ressursar på å støtte Europa i si grøne omlegging. Og det vil seie at vi må spele på lag med deira energiomlegging - ikkje motarbeide den slik vi gjer no. For kva er alternativet? Kor lenge er det verdt det å rasere natur og klima for å opprettholde dagens samfunnsmodell?


    Foto: Universitetet i Stavanger

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    54 分
  • Kan FN framleis redde klimaet?
    2026/09/28

    Maria Mjaaland har vore delegat på fleire klimatoppmøte. Eg spør ho: kan FN framleis redde klimaet vårt? Ho spør meg tilbake: kva er alternativet?


    Denne veka har FN generalforsamling.

    Men internasjonalt samarbeid har det røft for tida

    Etter eit forventningsfullt 90-tal med globalisering og god stemning

    Har ein dei siste 10 åra særlig, sett polariseing og rivalisering

    Kanskje særlig har dette gått ut over FN

    Organisasjonen som dei siste 80 åra har vore verda sin arena for å løyse våre felles utfordringar

    Utfordringane har stått i kø

    Ikkje berre er FN kronisk underfinansiert - noko som berre har blitt verre dei siste åra

    Den har blitt nærast holdt gissel av vetomaktene i sikkerhetsrådet,

    Og den har avgrensa moglegheit til å gripe inn i medlemsland - både ettersom medlemslanda er suverene, men også fordi den manglar økonomiske musklar.

    I tillegg er det mange som tenar på polemikk mot internasjonalt samarbeid.

    Og eit viktig element i ytre-høgrebølga som rir mange land, er motstanden mot beslutningsforum langt borte.

    Klimaforhandlingane er slik eit døme på FN sine avgrensingar, men også på dei moglegheitene som tross alt ligg i internasjonalt samarbeid.

    Og parisavtalen, med alle sine manglar, er tross alt eit resultat av eit av dei få felles globale prosjekta som verdssamfunnet har klara å samarbeide om.

    Denne verda av delegatar, forhandlingar, og resolusjonar, ja det framstår fjernt - også for meg.

    Men i dag har vi med ei som har hatt mange turar på FN sine klimatoppmøter

    Og det som representant for heilt vanlige frivillige organisasjonar.

    Vi har med oss Maria Mjaaland.

    Ho har vore delegat først for KFUK/KFUM, og så som ungdomsdelegat.

    Og i dag snakkar eg med henne om korleis det er å vere på FN-toppmøte

    Kvifor dette er ein viktig stad å engasjere seg,

    Og kva FN tross alt kan få til - sjølv i desse urolige tider.

    Ho presiserer at dette er hennar eigne meiningar og analysar ho kjem med i denne podden.


    Vi kom også inn på ein del andre saker, som korleis den kristne tradisjonen har vore viktig for hennar engasjement (og kvar den har blitt av i dagens KrF).

    Og i "Ord for dagen" reflekterer eg litt laust om overnasjonalt samarbeid - og då særlig EU.

    Eg er for.


    Foto: Anna Rosenlund.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    55 分
  • Eit år med indiepod
    2026/09/21

    Dagens gjest måtte utsetje opptaket. Så denne veka byr podkasten på eit aldri så lite kvileskjær.


    Det kunne jo vere fint å ta ei lita oppsummering, lufte nokon tankar etter eit år med indiepodkasting.


    Kvifor skal ein eigentlig drive å surre med å lage podkast?

    Nummer en er at eg stadig møter dykk som seier at dette er viktig.

    Eg har ikkje mange lyttarar, sånn relativt sett.

    Men generelt sett så samlast mellom 60 og 200 personar kvar veke for å lytte på lange samtalar om kompliserte problemstillingar innan klima, natur og framtida.

    Det er rett og slett innmari artig,

    Og veldig fint.

    Då gjer det ikkje så mykje for meg at også andre lagar podkastar

    For eg håper jo at vi her har ein innfallsvinkel, ei stemme, som kan vere interessant.


    Og då kjem ein jo også inn på ein grunn til for å gjere dette

    Fordi eg meiner det er avgjerande for samfunnsendring og politikkutforming at ein har stadar å diskutere, argumentere, lufte tankar og perspektiv.

    Og som samfunnsengasjert og naturengasjert så var det faktisk ein del diskusjonar eg tykte mangla i offentligheita.

    Medan ein del andre aktørar hadde vore mykje bedre til å skape arenaer og kanalar for debatt og politisk utvikling.


    Kort sagt så vart eg overraska over kor mykje det vart snakka i ulike valørar

    Både på borgerlig side har vi Minerva og Civita, prosjekt som eg er politisk ueinig i men som eg eigentlig har stor sans for ettersom dei diskuterar og utviklar politikk og analyse på ein måte eg tenker er veldig fin.

    Lenger til høgre har vi høgrepoddarar og mannosfære. Dei også utmalar politikk og samfunnssyn - på ein meir tvilsom, men effektiv, måte.

    Eg må berre ta til etterretning at mange på borgarleg side - og lenger til høgre, har lukkast med politikkutvikling i den nye offentligheita.

    Og for meg er lærdommen at om ein er ueinig i det som vert diskutert der, ueinig i analyser, holdningar, verdiar, ja då må ein gjere jobben sjølv.

    Saknar ein noko der ute så kan ein i dag faktisk gjere noko for å få det ut.

    Eg saknar bedre samtalar om miljø og framtida.

    Så dette er mitt beskjedne bidrag til det.


    Når det gjeld sosiale medier så er det den tunge delen av jobben.

    Det er heilt klart kjedeligare å lage postar på sosiale medier enn å snakke med spennande folk.

    Men eg klagar ikkje altså - det er jo tross alt ein smæshing infokanal.

    Likevel då folkens - lik og del som det heiter.

    Er det tema på podden som engasjerer dykk så spre ordet.

    Og er det gjestar og tema de kunne ønske at eg tok opp så sei ifrå.

    Vi har allerede fått fleire innspel som har resultert i episodar - også gjestar og tema som eg ikkje hadde klart å tenke ut sjølv.


    Så håpar eg at podden lever vidare!

    Minst ut 2026, og forhåpentligvis lenger!


    Neste veke er vi tilbake med GJEST!

    Vi satsar på to episodar til i løpet av september/oktober

    Før ei pause til neste bolk i november/desember

    Her har det allerede byrja å fylle seg opp, så om de har innspel så hiv dykk rundt!


    Thankyou for your attention on this matter

    Som det heiter i junaiten.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    8 分
adbl_web_anon_alc_button_suppression_t1
まだレビューはありません