Klaus Mohn og slutten på norsk olje
カートのアイテムが多すぎます
カートに追加できませんでした。
ウィッシュリストに追加できませんでした。
ほしい物リストの削除に失敗しました。
ポッドキャストのフォローに失敗しました
ポッドキャストのフォロー解除に失敗しました
-
ナレーター:
-
著者:
Klaus Mohn er samfunnsøkonom, tildigare sjefsøkonom i Statoil, og rektor ved Universitetet i Stavanger. Han har argumentert tydelig for at norsk petroleumssektor må gå inn i aftenrøden. "Eg har ikkje begeistringsplikt" seier Mohn. Det er både moralske og økonomiske grunnar til å starte omstillinga vekk frå norsk olje og gass.
Noko av det aller mest kompliserte i norsk miljødebatt er kva rolle petroleumssektoren skal spele i norsk miljøpolitikk.
Vår mest innbringande næring er også den som bidreg mest til globale CO2-utslepp.
Samstundes så skjer stort sett alle utsleppa utanfor norge, og er difor, etter parisavtalen, ikkje ein del av norsk utsleppsregnskap.
Skulle Norge redusere eksporten sin av gass, så argumenterer mange for at det paradoksalt nok kan føre til auka utslepp - ettersom det kan føre til meir bruk av kolkraft.
Og ikkje minst er Norge ein stabil og demokratisk leverandør av gass til eit europa som tidligare har kjøpt gass av russland.
Difor er det eit fleirtal i stortinget, godt backa opp av ein stor næringssektor så vel som arbeidslivsorganisasjonar, som ønsker framleis utvikling av norsk sokkel
Inkludert nordområda med sin sårbare natur og risiko for russisk påverknad.
Til tross for at EU sjølv ønsker eit moratorie på utvinning i desse områda.
Det er i det heile fristande for ein som er miljøengasjert å gå rett i krigen - mot “fossilpartia” og den store oljebransjen.
Men faktum er at norsk petroleumsindustri står for svært lite av verdas globale CO2-utslepp - omtrent 1.3% totalt i Norge og utlandet samla.
Samtidig som den er ei svært viktig næring for norge, norsk næringsliv, og norske arbeidsplassar.
Eg synest difor at det ikkje er så enkelt.
Og difor er eg svært glad for dagens gjest
Rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn
Han har vore ein av dei viktigaste stemmene innan debatten kring framtida til norsk sokkel
Samfunnsøkonom, tidligare sjefsøkonom i Statoil, og medlem i omstillingskommisjonen.
Han forklarar meg i denne samtalen kvifor han har vore heilt tydelig på at aftenrøden er i gang på norsk sokkel.
Vi må bu oss på slutten av det norske oljeeventyret.
God lytting!
I "ord for dagen" oppsummerer eg kva samtalen med Mohn har å seie for retninga på norsk klimapolitikk. Det store spørsmålet for eit lite land som norge er kva moglegheiter vi har, i ein situasjon som eigentlig er "alle mann på dekk" for å få ned klimagassutsleppa. Då er det klart, meiner eg, at Norge må bruke sine ressursar på å støtte Europa i si grøne omlegging. Og det vil seie at vi må spele på lag med deira energiomlegging - ikkje motarbeide den slik vi gjer no. For kva er alternativet? Kor lenge er det verdt det å rasere natur og klima for å opprettholde dagens samfunnsmodell?
Foto: Universitetet i Stavanger
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.