エピソード

  • SABIMA og kampen for 50.000 norske artar
    2026/03/09

    Kven bur i eigentlig i Norge?

    5.5 millionar folk

    50.000 artar – som vi veit om

    Og kanskje 20.000 som vi ikkje veit om

    Fordelt på heile 870 ulike typar natur

    Alt frå ulike typar urskog, gamle beitemarker, til tareskog langs kysten

    Vi har eit naturmangfald i norge som er ganske fantastisk!

    SABIMA er organisasjonen som jobbar for naturmanfaldet vårt

    Dei jobbar for at desse 50-70.000 livsformene skal ha livets rett også i framtida

    Og for at våre etterkomerar skal kunne leve i eit like biodiverst Norge som vi har i dag

    Men det er ikkje enkelt

    Naturen byggast ned i eit voldsomt tempo

    Sjølv om norge har forplikta seg til å ta vare på natur

    Og sjølv om mange jobbar for å ta vare på sin nærnatur.

    I denne episoden snakkar eg med ledar i SABIMA, Einar Wilhelmsen

    Om naturtypar, kvifor vi må ta vare på dei, og kvifor hardare virkemiddel er nødvendig i kampen for norsk natur.

    (Foto: SABIMA)


    Lenkjer.

    SABIMA https://www.sabima.no/

    Artsjakten https://artsjakten.no/

    Naturkampen https://naturkampen.sabima.no/

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    1 時間 9 分
  • SV - er ein annan verden framleis mogleg?
    2026/03/02

    Gunnell Sandanger er eledar av SV sitt miljøpolititske utval.


    SV har ei lang historie som miljøparti.


    Det er kanskje det partiet som i størst grad har vore knytt til naturvern heilt sidan det ein kan kalle naturvernets gjennombrot på 70-talet.

    Venstresida har vore tydelig til stades i historiske aksjonar som Mardøla-aksjonen og Alta-aksjonen.

    I det heile kan ein jo seie at aksjonisme som form ligg SV og venstresida nært.

    I seinare tid var SV regjeringsparter i Stoltenberg II, også med ein tydelig miljøprofil.

    Ei av dei store sakene der var å hindre petroleumsverksemd kring Lofoten, Vesterålen og Senja.


    Løftar ein blikket litt så er det også noko anna og svært sentralt med SV sin miljøprofil, og det er ein uttalt kaptialisme- og vekstkritikk. SV er kanskje det partiet der miljøpolitikken tydeligast spring ut av ein heilskapelig systemkritikk.

    Men det var før? For kvar vart det av miljøpartiet SV i forrige val? Har dei drukna i ei raudgrøn side som har endra seg, eller har SV sjølv tona ned miljøprofilen?

    Eller er det mindre om for kapitalismekritikk og vekstkritikk i ein verden der forbruk og stormaktsinteresser skruast stadig hardare til – på bekostning av ei berekraftig framtid?


    Kort sagt: er ein anna verden framleis mogleg?


    Lenkjer til omtaler i saka:

    https://www.sv.no/

    Regnskogfondett. https://www.regnskog.no/

    Fremtiden i våre hender https://www.framtiden.no/


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    39 分
  • Den siste villreinen - Europa sin grå nomade på kanten av stupet
    2026/02/23

    Bjarte Hestdalen ledar "La villreinen leve", som kjempar for overlevinga til den siste Europeiske villreinen. Etter siste istid la villreinen grunnlaget for den første busetninga i Nord-Europa. No trugast arten, og ein essensiell del av vår kultur- og naturhistorie, av hytter, kraftutbygging og vår eigen hunger på fri natur. Villreinkonflikta har løfta nokon av dei store sjølvmotseiingane i norsk kultur og samfunn. Og i medan debatten går om turisme, DNT-hytter og kraftmagasin, blir villreinbestandane skralare og skralare - på mindre og mindre areal.


    Vi viser til fleire aktørar og lenkjer i samtalen. Her finn du vidare lesing om du er interessert.

    https://www.lavillreinenleva.no/

    https://villrein.no/om-villrein/

    https://www.naturindeks.no/Indicators/villrein

    https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/frykter-villreinen-vil-do-ut_-_-ikke-nok-a-stenge-turisthytter-1.17634089


    Foto: Torgeir W. Schancke

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    1 時間 6 分
  • Stein P. Aasheim - dette forandra alt.
    2025/12/15

    Oikos11 er årets siste - julespesial! Stein P. Aasheim er ein av våre mest kjende norske eventyrarar. Han er stadig aktuell, sist i filmen "Trango". Er det ekstremt bratt, varmt eller kaldt så har Stein P. truleg vore der. Men, sin mest livsdefinerande oppleving fekk han ein heilt annan stad og i ein heilt annan samanheng. Og dette snakkar vi om i dag.


    Dette vart ei samtale om fjell, friluftsliv, natur, og kvifor vi oppsøker naturen. Det vart ei samtale om eit moderne menneske som har besøkt eit primitivt og enkelt liv nær naturen - og kome tilbake for å skrive om det. Det vart ei samtale om verdiar, lengsel, og om kva vi kanskje er i ferd med å miste om vi ikkje passar på.


    Foto: Helen Todal Liestø


    Eg ønsker dykk god jul og godt nytt år!


    Beste helsing

    Kristian


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    1 時間 17 分
  • Framtidsklimaet - science edition
    2025/12/08

    Klimaendringane er verken klimaapokalypse eller storm i eit politisk korrekt vassglas. Vi står ovanfor store endringar. Dei bør ikkje bagateliserast. Og vi i Norge er ikkje budd.


    Det er bodskapen til forskar Anita Verpe Dyrrdal frå Norsk Klimaservicesenter. Ho er hovudforfattar på rapporten "Klima i norge" som beskriv korleis klimaendringane påverkar Norge i dag og i framtida.


    Det er framleis store usikkerheiter for korleis klimaet vil utvikle seg - men dei er ikkje der mange trur, seier Dyrrdal. Og risikoane likeins. Mange av dei kjem frå andre stader enn rett under nasen vår.


    Dyrrdal knuser myter om klimaendringar, og gir sine håp for gode liv også i framtida.


    Lenkje til rapport (knallgod lesnad - lovar!)

    https://klimaservicesenter.no/kss/rapporter/kin-2025


    Foto: MET



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    56 分
  • Klimasøksmålet - "kunne ønske vi ikkje måtte gjere dette".
    2025/12/01

    I Oikos 9 snakkar vi om lov og rett i miljøkampen.

    Har du høyrt om klimasøksmålet? Der staten norge vart saksøkt for å bygge ut oljefelt i nordsjøen?

    Kva med gruvesøksmålet, mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden?

    Eller menneskerettigheitsbrotet mot reindriftssamane på Fosen?

    Desse er alle søksmål om natur og miljø.

    Miljøkampen er ikkje lenger berre med islender, plakatar og sivil ulydigheit

    Eller lobbyisme og politisk arbeid.

    Den har flytta inn i rettssalen.

    Kvifor har den det? Dette er temaet for denne episoden.

    Vi har med Sigrid Hoddevik Losnegård, ledar i natur og ungdom, og Frode Pleym, ledar i Greenpeace Norge

    Dei skal snakke om klimasøksmålet, kvifor dei har gått til sak mot staten, og vi diskuterar om denne «rettsliggjeringa» er eit nytt stadie i miljøkampen – vekk frå det politiske og demokratiske, eller ei nødvendig følge av det politiske og demokratiske.

    God lytting

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    54 分
  • Miljøvernar med vilje til makt
    2025/11/24

    Velkomen til Oikos8 - etter mi meining ein av Norges viktigaste podkastar om miljø, natur, klima, politikk og samfunn.


    I dag har eg med meg ein gjest som eg har prøva å få med lenge. Første gong eg såg han i avisa, sat han i dress og drakk pils midt på blanke formiddagen medan han snakka om liberale verdiar – på klingande Nordfjording. Då var han leiar i unge Venstre. Mykje vatn har runne i Eidselva sidan då, og han har sidan vore ein av våre mest profilerte – og skal eg seie veltalande, politikarar. Vi snakkar sjølvsagt om nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn.

    For meg som er ivrig lyttar av både dagsnytt18 og politisk kvarter, så har det alltid vore hyggelig når Rotevatn har blitt sendt i ilden.

    Ikkje fordi eg alltid er einig med han, men fordi det i desse tider med politisk populisme og tåkeprat er godt med ein seriøs, strukturert og kunnskapsbasert politikar.

    Rotevatn har vore involvert i mange politiske saksfelt, men han har jobba mykje med klima og miljø. Og då særlig i rollen som statssekretær og seinare statsråd for Klima og miljø i Solberg-2-regjeringa. No har Venstre kome under sperregrensa, og Rotevatn har mista stortingsplassen sin.


    I denne episoden av Oikos får vi eit sjeldan blikk bak sceneteppet i det politiske miljøarbeidet. Rotevatn forklarer korleis det er å vere ansvarlig for miljø i oljelandet norge. Han beskriver dilemma ein står i som politikar - når ein skal verne natur i møte med bygder som kjemper for innbyggjarane sine, og for villaksen som han sjølv er så glad i når den truast av ein av landets største industriar.


    Vi deler bekymringa over at miljøpartia samla sett har tapt terreng i siste stortingsval. Rotevatn understreker viktigheita av at miljøpolitikken drivast tverrpolitisk, og han slår eit slag for å drive miljøpolitikk på borgarleg side. Vi diskuterer til slutt miljøsøksmålet og rettsliggjeringa av miljøpolitikken, men juristen Rotevatn er skeptisk til om grunnlova sin paragraf 112 (miljøparagrafen) er brukbar til å utfordre myndigheitene, slik ein har freista i Klimasøksmålet.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    54 分
  • Fortrenging og det store tapet
    2025/11/17

    I andre del av samtalen med professor i filosofi Arne Johan Vetlesen, diskuterar vi kvifor klimapolitikken har vorte svakare dei siste åra, til tross for at kunnskapen og konsekvensane berre har auka.


    Er det eigentlig meir kunnskap vi treng? Eller må vi snakke om heilt andre ting - som verdiar? Ja, for om vi ikkje klarer å formulere det vi taper som verdifullt, så klarer vi heller ikkje å ta vare på det. Då risikerer vi å miste naturen nærast ved eit uhell.


    Foto: Alf Øksdal

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    1 時間 5 分