『Sparebank i bordet』のカバーアート

Sparebank i bordet

Sparebank i bordet

著者: SpareBank 1
無料で聴く

このコンテンツについて

Sparebankane i Noreg har aldri vore viktigare for land og folk enn no. I tillegg har Sparebankutvalet nyleg kome med ei rad framlegg som gjeld rammevilkåra til både sparebankar og sparebankstiftingar.


Saman med fleire spennande gjester skal Morten Søberg og Lars Fredrik Øksendal sjå nærare på kva sparebankar er, og korleis sparebanksektoren truleg kjem til å utvikle seg vidare.


Morten er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 Gruppen, og har mastergrad i blokkjedeteknologi og digitale aktiva frå Frankfurt School of Finance. Lars Fredrik er professor i økonomisk historie ved Universitetet i Innlandet, og har doktorgrad frå Noregs Handelshøgskule.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

SpareBank 1
世界 社会科学 科学
エピソード
  • Kva er ein sparebank?
    2025/02/17
    Ei utforsking av særtrekk ved sparebankar i tid og rom. Kvifor byrja Morten og Lars Fredrik på kvart sitt vis å interessera seg for slike bankar? Kva særmerkjer sparebankanes sjel – og korleis artar sjelevandring i Sparebank-Noreg seg?

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    31 分
  • Det store hamskiftet i Sparebank-Noreg
    2025/02/17

    Med Hallvard Klakegg, dagleg leiar i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Sparebankane vert færre og færre –og større og større. Samstundes veks sparebankstiftingane opp og fram. Kvifor det? Og kva gjer dei eigentleg?



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    34 分

Sparebank i bordetに寄せられたリスナーの声

カスタマーレビュー:以下のタブを選択することで、他のサイトのレビューをご覧になれます。