エピソード

  • E10: Tankar om migrasjon
    2025/06/28

    I denne siste episoden av Vågespel spør me: korleis kan historiane om dei norske utvandrarkvinnene utvida vår eiga forståing av migrasjon i vår tid?

    I dei tidlegare episodane har me høyrt om norske kvinner frå 1800-talet som våga å kryssa havet, borne av håp og vilje til å skapa seg eit nytt liv i eit framandt land. Også migrantane i det 21. hundreåret søkjer og håpar på eit betre liv i eit fjernt land, og møter mange av dei same utfordringane: språkbarrierar og kulturar med skikkar og normer som kan vera vanskelege å forstå og finna seg til rette i.

    Brev, dagbøker og livsforteljingar i Vågespel har stundom strekt seg over tiår, og gjev oss eit innblikk i korleis identiteten til ein migrant vert forma i spennet mellom røtene ho ber med seg, og alt det nye ho må tilpassa seg.

    Og me spør: Kan historia hjelpa oss til å møta dei som i dag legg ut på si eiga reise over grensene, med større forståing og medkjensle?

    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljarar: Reidun Horvei

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord


    続きを読む 一部表示
    24 分
  • E9: Eit lappeteppe
    2025/06/28

    I denne episoden vender me blikket mot det kvinnene bygde. Me møter igjen kvinenne frå tidlegare episodar - Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Rakel Tonette Atlaksdatter og fleire som bar kvardagen i det norsk-amerikanske samfunnet – gjennom spinning, baking, saum og song.

    Gjennom levande skildringar, brev og minne får me eit nært møte med kvinnefellesskapa som voks fram i heimar, kyrkjesalar og kvinneforeiningar – fellesskap som bar både kvardagsliv og tru. Me får høyra korleis dei bar kultur, språk og tradisjon vidare – frå hand til hand, frå mor til dotter, frå ei stove på slettene til ei kyrkje i storbyen.

    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord

    続きを読む 一部表示
    41 分
  • E8: Det byrja med eit brev
    2025/06/14

    I denne episoden ser me korleis forventningar, kjærleik og fridomen til å ta eigne val vart avgjerande i liva til norske utvandrarkvinner. For nokre låg neste steg som ein invitasjon i eit brev—eit bilete, eit løfte, eit håp. Me får høyre om det enkle præriebryllaupet til Lina Svåi og ekteskapet til Inga Brekke med ein velståande skotsk handelsmann i Sioux Falls.

    Gjennom historia til desse kvinnene ser me korleis ekteskapet kunne vera både ein tilflukt og ei bør, og kor vanskeleg det var å finne veg mellom norsk pliktkjensle og amerikansk fridom. I sentrum står Oline Muus—ei kvinne som utfordra både ektemann og kyrkje i retten, og bana veg for norske kvinners rettar i Amerika.


    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord

    続きを読む 一部表示
    37 分
  • E7: Starten på noko nytt
    2025/06/14

    I denne episoden fylgjer me unge kvinner som tek steget frå gard til by og finn ei ny byrjing i eit nytt land. Dei kjem med hender som kjenner til arbeid og ryggar vane med ansvar, og får ein kvardag fylt av vaskebøtter, gråtande born, symaskiner – og draumar. Gjennom breva og forteljingane til Ingeborg Marie Brekke og Anna Slinde får me høyra korleis overgangen til bylivet endra kvardagen deira og opplevinga av kva som var mogleg. Nokre lærte nye språk, gjekk på kveldsskule og fann nye vegar i yrkeslivet. Andre stod åleine i eit framandt land, men fann styrke i fellesskapet mellom kvinner og i å ta eigne val. Dette er historia om dei som ikkje berre leita etter arbeid, men etter ein stad dei kunne høyra til.


    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord



    続きを読む 一部表示
    31 分
  • E6: Med sterke hender
    2025/05/24

    I denne episoden møter me kvinner som bygde det nye landet med kroppsarbeid, uthald og varme. Gjennom sterke forteljingar og brev etter Lina Svåi, Gjertrud Rumohr Haug, Anna Slinde, Margretha Nesheim og Rakel Tonette Rannestad får me høyra korleis kvinnene bar ein heil kvardag i hendene: matlaging, vasking, barnepass og fjøsstel. Dei var også jordmødrer, sjukepassarar og kulturbærarar. I mangel av legehjelp var det nabokona som kom når eit barn skulle til verda. Og når døden banka på, var det dei same hendene som tok avskil.

    Kvinnefellesskapet vart ein livbøye. Dei delte på arbeid og ansvar, støtta kvarandre gjennom fødslar og sorg, song salmar og fortalde historier som styrka deira felles identiteten. Dei bygde samfunn som ikkje var baserte på materiell rikdom, men som var rike på tillit og medkjensle.

    Dette er ei forteljing om arbeid og samhald. Om kvinner som heldt heimar, gardar og samfunn oppe med sterke hender og klåre hovud.

    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord

    Kjelder her


    続きを読む 一部表示
    49 分
  • E5: Møtet med Amerika
    2025/05/10

    Etter reisa over havet ventar det verkelege møtet med det nye landet – eit møte som for mange vart brutalt, einsamt og fullt av prøvingar. I denne episoden fylgjer me kvinner som landa i USA med håp og draumar, men som raskt vart møtt med kulde, kolera, arbeid utan løn og eit språk dei ikkje forstod.

    Gjennom sterke forteljingar frå Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Anna Slinde, Guri Rosseland og Margretha Nesheim får me høyra korleis det var å vera ny i eit samfunn. Dei kjempar seg gjennom sjukdom, avvising, borgarkrig og brutale indianaropprør – men finn òg varme, fellesskap og ei ny røyst i det amerikanske samfunnet.

    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljarar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord

    続きを読む 一部表示
    47 分
  • E4: Vegen vidare vest
    2025/04/26

    I episode 4 reiser me vidare vestover. Etter møtet med New York ventar ei ny og krevjande ferd innover i landet. Her handlar det ikkje lenger om båtreise, hav og kyst, men om tog, kanalar og dei endelause præriane. Me fylgjer nykomne kvinner som må finna fotfeste i ei framand verd – mellom språkbarrierar, svindel, sjukdom og brutal natur.

    Gjennom sterke og gripande forteljingar i brev frå Amerika kjem me tett på Gudrun Fagerlie, Linka Preus, Marta Larsen, Magreta Nesheim og Rakel Tonette Atlaksdatter. Dei syner oss korleis det var å vera kvinne på reise mot det ukjende med von, uro og einsemd i bagasjen.

    Frå overfylte togvogner, småkryp i senger, lyn som slår ned på prærien og til urett i kvardagslivet, skildrar denne episoden korleis det var å starta på nytt, utan garantiar. Mellom kulde, og samhald og svik, overleving og mot.

    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord

    Kjelder her

    続きを読む 一部表示
    49 分
  • E3: Ei ny verd ventar
    2025/04/05

    I episode 2 fylgde me dei modige kvinnene som tok det store steget – som forlet Noreg for eit nytt liv. I episode 3 legg dei ut på sjølve reisa over havet.

    Å krysse Atlanterhavet var meir enn ein transportetappe – det var eit vendepunkt i livet. Gjennom brev, dagbøker og sterke scener møter me Gjertrud Rumohr Haug, Lina Svåi, Anna Slinde, Rakel Tonette Atlaksdatter og Linka Preus. Dei tek oss med frå Vestlandet, gjennom tronge lugarar og stormfulle netter, til hamna i New York, der ei ny verd ventar.

    Sjøsjuke, skit og salmesong, folkedans og varme blikk mellom medpassasjerer – denne episoden skildrar fellesskap og overleving til havs, og alt som måtte leggjast bak for å kome vidare.


    Manus: Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei

    Medredaktør: Katherine Jane Hanson

    Forteljar: Reidun Horvei og Ragnhild Gudbrandsen

    Lydformgjeving: Inger-Kristine Riber

    Støtta av: Fritt Ord


    Kjeldeinformasjon her

    続きを読む 一部表示
    35 分