エピソード

  • Hans Gertz: Pensjonist med munnspel
    2024/11/29
    Pensjonist med munnspel

    Hans Gertz vart fødd i Aust-Tyskland i 1940, men kom seg ut av det kommuniststyrde landet i lag med mor si og to søstre etter krigen. Dei kom seg etter kvart til Bergen, der mora var frå. Her levde den unge guten til han var 16 år. Då fekk han seg læreplass hjå ein urmakar i Årdal i Sogn.

    Han gjekk på fagskule i Oslo og der fekk han både sveinebrev og meisterbrev i faget. Då hadde han truffe Gudny frå Lærdal, som han var trulova med. Tre år seinare kom han tilbake til jobb i ein urmakarbutikk i Bergen. Men han nærma seg tretti år, og ville helst byrja for seg sjølv.

    I 1970 sette dei kursen mot Husnes, der Hans hadde fått tilbod om å kjøpa ein urmakarforretning etter eit dødsbu. Her har familien budd sidan, og her har dei trivst, mellom anna i eiga verksemd. Utanom den altoppslukande jobben, har han drive med både bogeskyting, golf og musikk.

    – Kvinnherad er ein fantastisk plass å bu, seier Hans Dieter Horn Gertz i dette lyd-intervjuet. Forutan litt fysiske og medisinske plager her og der, er han lei seg over at så mange nære vener har gått bort siste åra. Det er ikkje kjekt å tenkja på, seier han ettertenksamt. Men samtidig gler Hans seg over livet som har vore, og alt han har fått til i lag med kona si. Det filosoferer han mykje over i dag, for å sjå framover er ikkje alltid så bra når du nærmar deg 85 år. Framtida og slutten på livet kan ein ikkje gjera noko med, anna enn å leva så godt og sunt som mogleg.

    Gertz har ei anna glede i livet òg; han reiser rundt på sjukeheimar og andre stader der folk møtes, og spelar munnspel saman med to andre godt vaksne herremenn i Trio Taffel. Trioen er etterspurt, og opptrer ofte og skapar glede der dei stiller opp.

    –Musikk og song er viktig i vår alder, seier den pensjonerte urmakaren og optikaren. Nyleg har han òg gitt ut ei lita bok med minner frå eit langt liv, i lag med Trygve Hansen. Hans er vanlegvis ein ivrig bidragsytar på Facebook, men no kjende han på at tida var inne til å dela alle minnene sine med fleire.

    – I en tid der mange triste ting skjer i verden, trenger vi alle å få tankene og blikket på noe positivt i hverdagen, skriv forfattaren i føreordet.

    https://skimtvis.no/innlegg/2024/hans-gertz-pensjonist-med-munnspel

    続きを読む 一部表示
    36 分
  • Lars Jostein Rørvik: Spelemann og bokskrivar
    2022/06/28

    Lars Jostein Rørvik var knappe 18 år gammal då han i 1966 fekk tilbod om å bli vokalist i dansebandet The Tempers. Seinare har han stått på ulike scenar og sunge i fleire band i over femti år. Ei oppteljing viser at han frå 1979 og utover hadde kring 300 speleoppdrag rundt om i heile distriktet, kven som engasjerte dei og kor mykje dei tente på kvar jobb. Første speleoppdraget var på ein romjulsdans i Friheim, og seinare gjekk det slag i slag både lokalt og i andre delar av distriktet.

    Lars Jostein har sine songevne frå faren, som var 1. tenor i Husnes Mannskor og har sjølv også hatt ein kort karriere i mannskoret. Men det var musikken og gitaren som freista mest, og som etter kvart førte han inn på ein veg han framleis følgjer, men no i mindre grad.

    – Ja, eg har framleis lyst til å spela og syngja, og opptrer i mindre samanhengar no og då, seier 74-årige Lars Jostein i dette lydintervjuet. Men både Tempers-epoken og andre band han har spelt i alle åra er definitivt slutt. Som det står i songen om Nidelven: «…Nu er du bare minner».

    Dei gode minna og kjennskapen Lars Jostein har om alle pop- og rockebanda som har vore i Kvinnherad opp gjennom tidene, har inspirert han til å leggja i veg med eit nytt musikalsk prosjekt, nemleg ei bok om alle banda. Så langt sit han på opplysningar om kring 190 ulike band og totalt mellom 300 og 400 personar som har vore aktive i lengre eller kortare periodar.

    Arbeidet hans har ført til stor interesse og entusiasme frå mange hald, som gjer at Lars Jostein har tru på bokprosjektet sitt. Responsen han har fått tyder på det. Planen er at boka skal koma ut våren 2023 i samarbeid med forlaget Skimtvis.

    続きを読む 一部表示
    26 分
  • Frode Sæbø: Dyrevernnemnda tok sauene på Aske
    2022/04/29

    Frode Sæbø var blant mannskapet på fiskeskøyta «Fjelldur», som i 1972 hadde fått oppdraget med å reisa til eit småbruk på Borgundøy i Fjelberg for å henta sauene til Tjerand Aske – med tvang. Oppdragsgjevar var dyrevernnemnda i Kvinnherad kommune. Frode var på fiske og minnest enno det uvanlege ærendet han og nokre andre ungdommar frå Halsnøy var med på.

    Dei fiska godt det året, kan Frode hugsa. Men denne dagen i 1972 var det noko heilt anna enn fiske mannskapet på «Fjelldur» tenkte på.

    – Det var litt spennande for oss, kan du vita, for noko slikt hadde vi aldri vore med på før, fortel Frode i dette lyd-intervjuet. Dessutan gjorde alt eit sterkt inntrykk, spesielt på oss ungdommane, eg var jo berre 16 år den gongen. Trist var det også, men eg meiner det var rett det som vart gjort, seier Frode Sæbø i dag.

    Ikkje noko anna val

    Sauene på Aske var i så dårleg forfatning at dyrevernet ikkje hadde noko anna val enn å gripa inn.

    Men for Tjerand vart det ein tung dag, til liks med det som skjedde 14 år tidlegare, i 1958. Skilnaden var at det denne gongen ikkje hadde vore noko opprivande sak i rettssystemet. Dyrevernnemnda åleine hadde bestemt at sauene skulle takast, og ba lensmannen om hjelp til gjennomføring av vedtaket.

    Det var alminneleg kjent at det ikkje stod så bra til med sauene til Tjerand, fortel Frode. Dei blei rett og slett vanskjøtta på grunn av fôrmangel.

    – Utifrå eit dyrevernomsyn var det heilt sikkert rett det som vart gjort den gongen, seier Frode Sæbø. Tjerand hadde mista kontrollen over situasjonen, og problema hadde vokse han over hovudet. Det var sjølvsagt trist, men heilt nødvendig når vi såg korleis dyra hadde det.

    続きを読む 一部表示
    14 分
  • Per Arne Fjelberg: Tjerand var stor og sterk, men sjenert og folkesky
    2022/04/22

    Han var stor og sterk, men stillfarande, og kanskje endåtil litt sjenert og folkesky. Slik hugsar Per Arne Fjelberg frå Halsnøy småbrukaren og fiskaren Tjerand Aske. Han må ha slite noko forferdeleg for å halda liv i seg og dyra, legg halsnøybuen til når han fortel.

    Per Arne minnest enno godt synet av Tjerand, som rodde rundt i distriktet for å kjøpa fôr til sauene sine. Spesielt hugsar han ei hending frå gutedagane sine då han fekk sjå Tjerand koma nedover mot sjøen på Sjo med svære høybører, oppi 60 kilo tunge, på ryggen. Han skulle ro heim til Borgundøy.

    – Det var allereie begynt å mørkna om kvelden og vi kunne nesten ikkje sjå han under den tunge børa med høy då han kom gåande nedover bakkane. I fjøresteinane låg den gamle, tjørebreidde båten hans. Det var berre så vidt båten bar då alt høyet var kome om bord, noko framme og noko bak, og så vidt plass på tofta i midten til å sitja å ro.

    Men Tjerand var ikkje skuggeredd såg det ut til; han skubba frå land og la i veg ut fjorden med kurs mot Borgundøy og det vesle bruket sitt på Aske. Der var det ofte fôrmangel. Korleis han greidde det, er eit mirakel, seier Per Arne, for høyet tok all sikten, både framover og bakover. I tillegg seig mørket på.

    I guteåra var Per Arne Fjelberg fleire gonger på Aske, men berre nede ved sjøen i samband med fiske. Ein gong var han og ein kamerat ute for å ta opp nokre krabbeteiner dei hadde mista. Dei hadde trekt ei line frå naustet og bortetter langs berget då dei oppdaga ein langhåra og litt skummel mann i stor frakke koma rennande nedover bakkane. Det var Tjerand. Han bar på ei avbroten åre, og dei frykta at han ville gjera dei noko.

    – Kameraten min blei litt redd og ville at vi skulle koma oss derifrå fortare enn svint. «Ro, ro!» ropte han. Men så kom Tjerand heilt bort til oss, og det skjedde ingen ting. Han var ein snill mann og ville neppe gjort oss noko vondt.

    Skaut gjennom glaset

    Ei anna historie Per Arne Fjelberg hugsar godt, var då Tjerand ein dag sat i stova si og venta på ein hauk som hadde drepe fleire av hønene hans. Plutseleg sat hauken der i eit tre like utanfor. Tjerand løfta geværet resolutt og skaut rett mot vindauga så glassplintane fauk veggimellom. Om skotet trefte hauken, seier historia ingen ting om. Men folk la seinare merke til at det aldri kom noko nytt glas i det øydelagte vindauget. Tjerand hadde berre spikra opp nokre fjøler der i staden.

    – Han var meir ein teoretikar og tenkjar enn arbeidsmann, og litt vanhjelpen når det galdt praktiske oppgåver. Det viste att i det daglege, seier Per Arne. Tjerand dreiv til dømes mykje med laksefiske, men kunne ikkje bøta garna sine sjølv, det måtte onklane mine gjera for han. Men mykje laks fekk han, trass i at båtane hans vart dårlegare og dårlegare, og mindre eigna til fiske.

    Også alle husa på garden fall saman til slutt på grunn av mangel på vedlikehald. Bordkledningen nærast skreik etter måling. Det var eit trist kapittel.

    Derimot hugsar Per Arne Tjerand Aske som ein ekte friluftsmann, ein som likte å vera ute i naturen og gå i fjellet. Turen over Folgefonna i 1931, då han skulle tilbake til hagebruksskulen i Hardanger, er den mest vidgjetne. Men han gjekk også over fonna året før, medan han arbeidde på ein gard i Sørfjorden.

    Sommarstid kunne han ha sauene sine på beite både i Matre og i Åkrafjorden, og då var Tjerand tidt og ofte inne og såg om dei. Han var glad i dyra sine og overnatta gjerne ute under open himmel på desse turane.

    – Ja, ja, heile livet til Tjerand var eit slit, tidvis også økonomisk, etter det vi veit. Men innimellom hende det likevel eit og anna som fekk fram smilet både hjå han sjølv og andre. Til dømes då ein kar frå Sætre på Halsnøy kom fossroande til Aske for å sjå til oterfellene sine. Tjerand hadde nemleg ringt til mannen og sagt at han måtte koma med ein gong, for no var det gått eit dyr i saksa.

    Så viste det seg at det var ein av sauene til Tjerand som låg der –...

    続きを読む 一部表示
    15 分
  • Per Flatebø: Køyle-Peren reflekterer over livet sitt
    2021/11/05

    Ikkje er han døypt, ikkje er han konfirmert og ikkje trur han på nokon gud heller, snart 92 år gamle Per Flatebø i Mauranger. Derimot er han politisk overtydd; han røystar på partiet Raudt og vil gjera det neste gong òg, om han lever. Han har meir tru på dei raude enn på nokon andre. Alkohol bryr han seg heller ikkje noko om lenger.

    Vi besøkjer Køyle-Peren heime i Nordrepollen, eit ca 10 måls lite småbruk inst i fjorden, like ved vegen til Jondalstunnelen. Her har han budd dei fleste åra av sitt lange liv, han er endåtil fødd i huset sitt. Store og små bygningar på garden har sett sine beste dagar, og skulle vore både malte og fiksa på for lenge sidan. Men Per greier ikkje meir, helsa er skral og han har gjort sitt, så vedlikehaldet på Køylo får andre ta seg av.

    No er han meir oppteken av å sjå bakover. Det som skal koma, døden til dømes, kvir han seg ikkje til, han håpar berre det skjer fort og smertefritt og helst heime i Køylo. Som ikkje-truande er han overtydd om at det ikkje er noko etter livet her på jorda.

    Lita bygd

    Per er oppvaksen på det vesle bruket, og er i alle år blitt kalla for Køyle-Peren, som bestefar sin. Foreldra levde av eit par kyr og nokre sauer og hadde tre barn, Per var nummer to. I Nordrepollen på den tida fanst det så å seia ingen ting. Ikkje telefon og berre nokre få radioar. Fjernsyn visste ingen om på den tida. Om kveldane samlast folk heime hjå kvarandre for å snakka i lag og få høyra siste nytt. Mannfolka prata mest, medan kvinnfolka stod for både fjøsstell og matlaging.

    I dette lyd-intervjuet fortel Per om barndom og oppvekst i fattige kår. Likevel skryt han over den tida, den var eineståande, seier han, spesielt foreldra. Sjølv var han ein svært uroleg unge, som ikkje sat mykje i ro. Han fór ut så snart han kunne om morgonen, for å fiska eller leika med den einaste kameraten som var i bygda. I intervjuet får vi høyra den dramatiske historien om då kameraten drukna, medan dei to gutane var på isen og skeisa. Per har aldri tilgitt seg sjølv for at han ikkje greidde å berga han.

    Per gjekk på skule i Nordrepollen nokre år, men det var få elevar, så ungane måtte tidvis reisa til Austrepollen, Sunndal eller til Gjetingsdalen med båt for å få undervisning. Allereie som 5-åring hadde han lært seg å lesa og geografi var den store interessa hans.

    skimtvis.no/innlegg/2021/kyle-peren-reflekterer-over-livet-sitt

    続きを読む 一部表示
    43 分
  • Johannes Bondhus: Minnest raset i Mauranger i 1970
    2020/10/16

    Fredag 9. januar 2020 var det femti år sidan den tragiske rasulukka i Mauranger, der sju menneske omkom, fire av dei frå Kvinnherad. Hendinga sette varige spor, særleg i familiane som miste ein av sine, den yngste var knapt 18 år då raset tok han.

    Dagen blir hugsa som ein svært trist og vond dag for alle i det vesle bygdesamfunnet. Verst var det sjølvsagt for dei pårørande, men både arbeidskameratar, anleggsleiing og folk som deltok i redningsarbeidet, var lenge merkt av det som skjedde denne lagnadstunge dagen.

    Johannes Bondhus frå Austrepollen arbeidde på Folgefonnanleggene i mange år og hugsar enno godt det som hende denne vonde dagen i 1970. I sommar var han tilbake i Rednedalen og her får du høyra om den tragiske hendinga.

    Mange anleggsfolk, bygdefolk og hjelpekorpsfolk gjorde ein stor innsats desse dramatiske døgera, fortel Bondhus. Dette var nok den største enkeltulukka i Kvinnherad i nyare tid, og fire av dei sju var frå Mauranger.

    I august for tjue år sidan, og tretti år etter ulukka, vart det avduka ei minnestøtte over dei sju som omkom i raset i 1970, samt fleire andre som omkom ved andre ulukker på anlegget. Dåverande sokneprest Tor Holm sto for avdukinga, og til stades var bygdefolk og tilreisande slektningar av dei som kom bort. Støtta står om lag der den nedre taubanestasjonen sto.

    Fire av dei omkomne var frå Kvinnherad:

    Karl Johan Bondhus (43)

    Geir Bondhus (18)

    Øyvind Skoglund (22)

    Arthur Sandvik (22)

    Saka er òg omtala i boka «Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år».

    続きを読む 一部表示
    18 分
  • Jarle Fossheim: Var med og henta vanstelte sauer på Aske
    2019/12/11

    Jarle Fossheim frå Seimsfoss var i 1972 med og henta om lag 80 sauer frå ein avsidesliggjande gard på Borgundøy i Fjelberg – med makt. Dyrevernnemnda i Kvinnherad hadde fått melding om vanrøkt og rykte ut ilag med ein lensmannsbetjent for å ta hand om alle dyra. Mange av dei var i elendig forfatning, og trong fôrast opp på ein annan stad viss dei skulle overleva.

    Jarle var berre 17 år den gongen og hugsar enno, nesten i detalj, alt som hende denne dagen. Ein skulle gjerne tru at ei slik hending ville gå sterkt inn på ein så ung gut, men slik vart det ikkje, fortel han i dette lyd-intervjuet. Han trur det gjekk meir inn på dei vaksne. Men spennande var det, same kva alder ein var i.

    Aller verst verst var det likevel for eigaren av sauene, som stod igjen på land og heldt fast i ein tamp då fiskebåten «Fjelldur» bakka utifrå med alle dyra om bord. Han gaula og græt då dei drog derifrå, og heldt på å fara på sjøen. Det var kanskje dette som gjorde sterkast inntrykk på ungguten frå Seimsfoss.

    Jarle likte å springa i fjellet og var vane med sauer heimefrå. Men synet som møtte han oppunder ein hillar på Aske, gløymer han ikkje. Han fann to sauekadaver, opphengde i strenger, og den dag i dag undrast han på kvifor dyra hang der.

    Seinare, i 1974, kom saka opp i heradsretten, etter som Tjerand Aske var tiltalt etter dyrevernlova. Då var Jarle i militæret nordpå og var innkalla som vitne. Saka blei anka til Lagmannsretten i 1975.

    Du kan lesa om livet til småbrukaren og eventyraren Tjerand Aske i boka Den sindige villmannen (2018). Han er kanskje mest kjend for turen han gjorde over Folgefonna vinteren 1931 – på sykkel og ski.

    続きを読む 一部表示
    15 分
  • Terje Fjellhaugen: – Hugsar godt siste gongen eg snakka med Tjerand
    2018/12/17

    – Eg bur i ei pappøskje, men har det bra! Det fortalte Tjerand Aske til venen Terje Fjellhaugen i Matre, då han var ein snartur heimom frå Oslo tidleg på 1970-talet. Året før hadde Tjerand vore på anleggsarbeid i SKL nokre månader, men var blitt oppsagt om hausten ilag med seks andre mellombels tilsette. Bakgrunnen for oppseiinga var at det var for kaldt til å driva med støyping, vinteren var på veg. Ei tid etter dette reiste han til hovudstaden for å starta på eit nytt liv.

    Tjerand hadde forlete det han eigde på Borgundøy etter at dyrevernnemnda i 1972 hadde teke ifrå han alle sauene hans. Dette må ha gått så hardt inn på han at det ikkje var anna utveg enn å røma derifrå. Men kvifor han, som det naturmennesket han var, valte å reisa til ein storby, er meir enn vanskeleg å forstå. Kanskje var det fordi han var i ein så fortvila situasjon? Han hadde mista jobben på anlegget i SKL og på Aske var det ikkje ein einaste sau igjen. Han stod på bar bakke, så å seia.

    Men Tjerand lengta tvillaust attende til fjell og fjord heime i Sunnhordland, også til Matre og Fjellhaugen, der sauene hans hadde beita om somrane.

    – Eg hugsar enno godt siste gongen eg snakka med Tjerand, fortel Terje Fjellhaugen. Det må ha vore i 1974, då han kom på besøk til oss i Matre. Han var fin i tøyet, endåtil i dress, og med koffert i eine handa. Han opna kofferten, tok opp ei flaske vin og sette på bordet.

    – Den skal du ha, for eg drikk ikkje, sa totalavhaldsmannen Tjerand Aske.

    – Bur i ei pappøske

    – Eg bur i ei pappøskje, men har det trass alt bra. Dessutan hjelper eg mange menneske der borte, fortalte han til Terje Fjellhaugen. Kva Tjerand, som då var i slutten av 60-åra, meinte med ein slik karakteristikk av buforholda sine, kan ein berre undrast over. Var det for å illustrera at han låg på gata blant uteliggjarar, slik det ofte er blitt sagt om han, eller var det hybelleiligheten sin på Stovner han omtalte som ei pappøskje? Det får vi aldri svar på, seier Terje Fjellhaugen.

    Eit anna minne frå den siste samtalen mellom dei to venene i 1974 var at Tjerand fortalte at han rett som det var fann uopna vin- og brennevinflasker på ulike stader i Oslo. Dei gjekk han til Vinmonopolet med, og fekk pant for, til liks med tomgodset han elles samla på. Slikt blei det pengar av, og vi kan ikkje sjå vekk frå at Tjerand levde av dette på slutten av livet sitt, slik mange har trudd.

    続きを読む 一部表示
    21 分