Pulling 3
カートのアイテムが多すぎます
カートに追加できませんでした。
ウィッシュリストに追加できませんでした。
ほしい物リストの削除に失敗しました。
ポッドキャストのフォローに失敗しました
ポッドキャストのフォロー解除に失敗しました
-
ナレーター:
-
著者:
Vil du høyre om rå kraft, dieselos og miljøet bak Noregs hardaste traktorsport? I denne episoden av "Kem bur på Jæren?" får du møte Truls Morten og Jonatan – to av dei fremste pulling-ekspertane i landet. Dei tek deg med heilt inn i miljøet rundt Jæren Tractorpulling på Bryne, der store maskiner og endå større motorar får prøve seg mot den tunge vogna.
Dette er ikkje berre ein prat om traktorar. Her får du historier om fellesskapet, frivillig innsats og konkurransegløden som gjer at tusenvis av folk møter opp for å sjå trekket. Truls, som er banemester, og Jonatan snakkar engasjert om teknikk, ulike klasser og korleis dei får maksimal ytelse ut av maskinane. Enten du er traktorinteressert eller berre likar å høyre om ekte Jær-kultur og miljøet rundt ein av dei mest spektakulære idrettane vi har, er dette ein episode du ikkje vil gå glipp av.
https://jaerentp.com/
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.