『Mar』のカバーアート

Mar

Mar

著者: Sunnmørsposten
無料で聴く

Næringslivet på Sunnmøre og Nordvestlandet har rykte på seg for å vere omstillingsdyktig og slagkraftig. Særleg til havs.

Kva tenkjer du når du høyrer ordet «næringsliv»? I Sunnmørsposten sin næringslivspodd «Mar», kjem vi neppe unna den middelaldrande direktøren i dress og slips. Han må få vere med han òg. Samtidig er vi like interessert i å snakke med den unge kvinnelege gründeren som har starta eigen bedrift og forskaren som har ei miljøløysing. Det som rører seg i næringslivet angår oss alle og må opp til debatt. Bli med om bord!


Podkasten «Mar» blir laga av journalist Tarjei Engeset Ofstad, kontakt han gjerne direkte på epost tarjei.engeset.ofstad@smp.no om du har tips til gjestar, eller tilbakemeldingar. Utgjevar er Sunnmørsposten, og ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Sunnmørsposten
経済学
エピソード
  • Siste episode: Konfronterte næringsministeren i Ålesund
    2023/05/04

    Næringsminister Jan Christian Vestre la fram maritim eksportstrategi i Ålesund. Næringsforeningen Ålesundregionen er misfornøgd med at det ikkje vart høve til å kome med kritiske innspel og spørsmål frå salen. I det minste fekk journalistane nokre minutt med ministeren. Høyr Sunnmørspostens intervju med Vestre her, samt reaksjonar på det han sa.


    Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda. Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten.

    Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.

    Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til tarjei@smp.no.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    12 分
  • Debattspesial: Torskeoppdrett
    2023/02/01

    Etter gigantrømminga i Volda i september 2022, har både naturvernarar og fiskarar kravd stans i nytt torskeoppdrett.

    Næringsaktørane sjølv er stolte over å skape distriktsarbeidsplassar og levere etterspurt mat: altså gi Norge eit nytt bein å stå på.

    Trude Nordal i Naturvernforbundet i Ørsta og Volda møter Rune Eriksen, leiar for Torskenettverket til debatt.


    Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda. Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten.

    Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.

    Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til tarjei@smp.no.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    29 分
  • Inseanergy og Havkraft: energi frå sjøen
    2022/10/12

    Vi treng meir fornybar kraft, men energiutbygging er ikkje konfliktfritt. Kva med bølgekraft og solceller til sjøs? Dette er to grøne alternativ som hittil berre har vore på teststadiet. Vil gründerane slå gjennom eller er dei i realiteten dømt til å bli verande dvergar? Geir Arne Solheim (Havkraft) og Jan Erik Våge Klepp (Inseanergy) jobbar jamt og trutt og har framgang å vise til. Møt dei i denne episoden av Mar.


    Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda.


    Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad.


    Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    続きを読む 一部表示
    36 分
adbl_web_anon_alc_button_suppression_c
まだレビューはありません