『Utdanningseksplosjonen (1945 – 1980)』のカバーアート

Utdanningseksplosjonen (1945 – 1980)

Utdanningseksplosjonen (1945 – 1980)

無料で聴く

ポッドキャストの詳細を見る

概要

Etter krigen veks Norge raskt, og behovet for arbeidskraft og teknisk kompetanse skyt fart. Årskulla blir større, fleire tar vidaregåande utdanning, og vi får ein utdanningseksplosjon på 1960-talet. Presset på høgare utdanning aukar i hele landet – også i Bergen.

I denne perioden blir statusen endra frå teknikar til ingeniør. Det skjer gjennom politiske prosessar og reformar som gradvis løfter fagutdanninga, særleg gjennom arbeidet til Ottosenkomiteen, som legg grunnlag for ein ny struktur i høgare utdanning. Resultatet blir etablering av distriktshøgskular og fleire nye høgskular over heile landet.

Så, i 1969, skjer noko som endrar Norge for alltid: Oljefunnet i Nordsjøen. Plutseleg har landet fått ein ressurs som skaper enorm økonomisk vekst og nye moglegheiter. Behovet for ingeniørar blir akutt. Ein ny teknologisk og samfunnsmessig rikdom veks fram, og ingeniørane får ei nøkkelrolle i utviklinga av olje- og gassindustrien, frå dei første plattformene til utbygginga av heile Nordsjøen.

Gjester: Håvard Brede Aven og Steinar Jacobsen (tidlegare student ved BTS).

まだレビューはありません